Plan

God planlegging og arealforvaltning er ein føresetnad for god samfunnsutvikling. Regjering og Storting fastset dei nasjonale måla, men Fylkesmannen har også ei rolle i dette.

Som fagmynde innanfor landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik skal Fylkesmannen sørge for at nasjonale interesser blir ivaretekne. Fylkesmannen skal også sikre at kommunale vedtak i plan- og byggesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.

I utgangspunktet er det kommunen sjølv som tek avgjerder for korleis areala skal brukast, så lenge arealbruken er innanfor rammene av nasjonal politikk. Når kommunene fattar vedtak, som etter Fylkesmannen sitt syn går utanfor desse rammene, kan Fylkesmannen klage (på dispensasjonsvedtak) eller fremje motsegn (mot kommuneplanar og reguleringsplanar).


26.01.2019

Håndbok «Jordmassar – frå problem til ressurs. Ta vare på matjorda»

Ny handbok skal bidra til at matjorda blir tatt vare på i tilfelle areal blir omdisponert til andre føremål enn jordbruk. På den måten kan jordressursen oppretthaldast, slik at den kan brukast til matproduksjon i framtida også.

18.01.2019

Oppdatert verktøy for å rekne ut omdisponert jordbruksareal

Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har på oppdrag frå Landbruksdirektoratet oppdatert eit nyttig verktøy for kommunane, for å rekne ut omdisponert jordbruksareal, den såkalla KOSTRA-applikasjonen. Den nye versjonen av dette verktøyet kan for første gong brukast i 2019 og skal gje ein enklare og sikrare måte å rapportere på.

17.01.2019

Mykje matjord i fare for nedbygging i Møre og Romsdal

Det er stor aktivitet i arealplanlegginga rundt om i Møre og Romsdal, og ein del planlagte tiltak byr på interessekonflikter mellom bruk og vern. Fylkesmannen har myndigheit til å fremje motsegn til planer som bryt med viktige nasjonale interesser, blant anna bevaring av matjord. Her kjem ei oversikt over 6 kommuneplanar og vår landbruksfaglege vurdering av desse. Les heile saka her

20.06.2018

Utviding av Grilstad As sine produksjonslokaler – trekking av motsegn

I høve utviding av Grilstad As sine produksjonslokaler i Stranda kommune vert ca. 7 daa fulldyrka mark omdisponert til næringsføremål. Fylkesmannen er av den oppfatning at når næringsaktøren først har etablert seg, må dei også kunne ha rom for utviding. Diverre går det denne gang på bekostning av god matjord, ettersom det ikkje var reelle alternativ.

07.03.2018

Verdiset jordbruksareal og dyrkbar jord i konsekvensanalyser

Ein rapporten NIBIO har utarbeidd på oppdrag frå Vegvesenet gir utfyllande skildring av bakgrunnen for verdiklassifiseringene og kartgrunnlaget dei er bygd på, samt bakgrunn for vurdering av påverknad.

13.02.2018

Infoplakat om jordbruket i Sykkylven

Sykkylven kommune har laga ein informasjonsplakat om jordbruket i kommunen. Denne er veldig visuell, informativ, og gir god reklame for landbruksnæringa i kommune. Kanskje er den eit bra tips til fleire kommunar?

12.02.2018

Landbruket si forventing til kommunale planprosessar

Fylkesmannen si Landbruksavdeling har utarbeidd to skriv som omhandlar Fylkesmannen si forventning til kommunale planprosessar; oppstart kommuneplan samfunnsdel og arealdel.

31.01.2018

Hjelpeskjema KOSTRA landbruk for rapporteringsåret 2018

For å lette kommunane sitt arbeid med rapportering gjennom KOSTRA, har Landbruksdirektoratet også i år utarbeida eit hjelpeskjema til bruk for løpande føring av handsama saker etter jordlov og konsesjonslov, og kva som vart utfallet av desse sakene. Hjelpeskjemaet omfattar også fane for omdisponert areal frå reguleringsplanar etter plan- og bygningsloven.

01.06.2017

Kommuneplan Giske – høve til forbetringar for landbruket

Fylkesmannen er godt nøgd med at Giske kommune har teke nasjonale retningsliner og oppgåva som den viktigaste jordvernmyndigheita på alvor. Dette synes gjennom utarbeiding av kjerneområde landbruk og etablering av omsynssone landbruk i plankartet, og at kommunen i stor grad har halde seg til utviding av eksisterande bustadområde. Likevel finn Fylkesmannen grunn til å fremje 6 motsegner på vegne av landbruksinteressene.

18.04.2017

Jordmassar – frå problem til ressurs

Region Nordhordland har laga ein rettleiar, der det er samla råd om korleis kommunane ved god sakshandsaming kan legge til rette for at jord vert brukt som ein ressurs for landbruk og samfunn. Eit av råda i rettleiaren er at den beste måten å vere i forkant på er å tenke massehandtering i planarbeidet.

Fleire nyhende