Små avlingar i 2018

Illustrasjonsfoto. Eksempel på klimabetinga skader, som kan ha ført til avlingssvikt
Illustrasjonsfoto. Eksempel på klimabetinga skader, som kan ha ført til avlingssvikt (Foto: Arnold Hoddevik)

2018 vil bli huska som eit år med rekordvarme og rekordlite regn. Dessverre er det ikkje gunstig for avlingane våre. 

Heile Sør-Norge har i år hatt ein veldig varm og tørr sommar. Særleg på Austlandet har det vore lite nedbør. Møre og Romsdal har fått nokre regndråpar no og då, og det har derfor ikkje vore like tørt her. Like fullt har mangelen på nedbør også her vore ein begrensande faktor på avlingane, sjølv om situasjonen ikkje er like vanskeleg som på Austlandet. 

Det meste av arealet vårt blir brukt til grasproduksjon. Det er blitt rapportert om førsteslåttavlingar frå under 50 % til opp mot 90 % av normalnivå. Middel for fylket ligg på rundt 70 %. Så langt tyder mykje på at andreslåtten blir på om lag same nivå. Det er variasjonar mellom både område og enkeltbruk. Areal med tørkesvak jord og areal der det var isbrann i vinter er blitt særleg ramma av mangelen på nedbør. Mange fekk ein tidleg førsteslått, og har allereie tatt andreslåtten, og vil dermed kunne få ein tredjeslått. Vi håper på ein god tredjeslått.

Kornavlingane vil variere mykje. Det ser ut til kornavlingane i middel vil bli rundt 70 % av normalnivå. I hovudsak ser kornet ut til å vere såpass bra, at det kan leverast som korn, og ikkje må haustast som grovfôr.

2018 er eit år der dei som har vatningsutstyr har hatt god nytte av det. Dei fleste bærprodusentane har det og har hatt gode avlingar. Nokre potetprodusentar har det og ser ut til å få gode avlingar, medan dei som ikkje har vatning ligg an til å få små avlingar.