Erstatning for avlingssvikt - kontakt kommunen tidleg

Langvarig tørke kan føre til reduserte avlingar.
Langvarig tørke kan føre til reduserte avlingar. (Foto: Pixabay)

Fylkesmannen ventar at det blir mange søknader om erstatning for avlingssvikt i år. Tørkesommaren har gitt små avlingar, og ein del har fått så stor avlingssvikt at det er grunnlag for å søke erstatning.

Ved klimabetinga avlingssvikt kan det vere grunnlag for å søke om erstatning. Dette er aktuelt dersom avlinga i skadeåret er mindre enn 70 % av middelavlinga for vekstgruppa.

NB! Det er årets totale avling som er grunnlag for å rekne ut evt. erstatning. Det blir ikkje gitt erstatning for ein svak førsteslått isolert sett. Ein må vente til all avlinga er blitt hausta før ein veit kor stor årets avling vart og dermed kan søke om erstatning.

Søknadsfristen er 31. oktober. Vi oppmodar om at søknad om erstatning blir sendt så tidleg som mogleg etter at grunnlaget for å søke er klart, og vi tilrår at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Generelt er det viktig å melde frå til kommunen så tidleg som mogleg for å kunne dokumentere skade og skadeårsak og for å kunne diskutere skadereduserande tiltak. I år er det lempa på krava til å dokumentere i tørkeramma område. Alle har fått med seg at det har vore tørt, og det har i større og mindre grad vore tørt over alt. Det som må dokumenterast er avlinga og avlingstapet.

Det er 6 ulike vekstgrupper det kan søkast om erstatning for. For dei fleste vekstgrupper vil avlingstapet og erstatninga bli utrekna ut frå årets avling samanlikna med middel av føretaket si avling for dei siste 5 år. Unntaket er vekstgruppe grovfôr der det blir lagt til grunn ei normavling ut frå kor bruket ligg hen. Avlinga må dokumenterast enten i form av dokumentasjon på levert/solgt avling (korn, poteter, bær m.v.) eller i form av at kommunen måler avlinga (masse surfôr i silo, tal rundballer etc.).

Spesielt i år er at det for vekstgruppe korn vil kunne bli gitt erstatning for veksten som er sådd sjølv om kornet blir fôrhausta som umodent korn og brukt som grovfôr. På same måte vil det gi grunnlag for arealtilskot for korn. Dette gjeld ikkje føretak som ikkje har skader på kornavlingane.

Det er fylkesmannen som behandlar erstatningssøknadane, men kommunane gjer si vurdering først og attesterer søknadene før dei går vidare til oss. Ta derfor kontakt med kommunen for spørsmål om ordninga. Ta høgde for at det vil bli ein del arbeid for kommunane utover hausten med m.a. måling av grovfôrlager.

Meir fyldig informasjon, søknadsskjema, regelverk m.m. ligg på Landbruksdirektoratet.no.