Endringar i ordninga Erstatning for produksjonssvikt

Potetåker i Sunndalen
Potetåker i Sunndalen (Foto: Arnold Hoddevik)

På grunn av koronasituasjonen vart det bestemt i årets jordbruksavtale at ikkje berre klimabetinga avlingssvikt, men også produksjonssvikt på grunn av manglande arbeidskraft kunne dekkast over erstatningsordninga.

Det første vi legg merke til er at ordninga som tidlegare har hatt namnet «Erstatning ved klimabetinga avlingssvikt» no heiter «Erstatning ved produksjonssvikt». Den direkte årsaka til at erstatningsordninga er blitt endra er reiserestriksjonane forårsaka av koronapandemien i verda.

Mange bønder er avhengige av innleigd arbeidskraft i vekstsesongen. Enkelte produksjonar har veldig mykje manuelt arbeid med planting, stell og hausting. Dersom tilgangen på arbeidskraft uteblir kan det då føre til at mange får problem med å få hausta avlinga si.

For ikkje å komme i ein situasjon der planteprodusentar valde å la vere å så/plante fordi det var usikkert om avlinga ville kunne haustast, vart det tidleg bestemt at eit eventuelt avlingstap på grunn av manglande arbeidskraft også skulle kunne vere grunnlag for erstatning. Erstatningsordninga for klimabetinga avlingssvikt er derfor i år utvida til også å omfatte produksjonstap på grunn av manglande arbeidskraft. Denne utvidinga gjeld for vekstgruppene frukt, bær, grønnsaker og poteter.

Det er viktig å varsle kommunen så tidleg som mogleg dersom ein slik situasjon oppstår. Det er krav om at kommunane kontrollerer 100 % av søknadene der manglande arbeidskraft er årsaka. Søknadsfristen er 31. oktober.

Vi viser også til Mattilsynet sin smittevernrettleiar Der er det ein del råd, tips og føringar. Smittevernrettleiaren finn du høgre margen på denne sida.