Søk avløysartilskot innan 20. januar 2017

Nyfikne smågriser
Nyfikne smågriser (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Føretak som dreiv jordbruksproduksjon i 2016 må hugse å søkje om avløysartilskot innan 20. januar 2017. Søknaden blir levert saman med søknad om produksjonstilskot, og blir behandla samtidig.

Avløysing

Tilskot til avløysing ved ferie og fritid gjeld refusjon av utgifter til avløysing i 2016, og skal bidra til å dekke utgifter til avløysing. Tilskotet kan ikkje overstike utgiftene, som må kunne dokumenterast.

Maksimalt avløysartilskot er fastsett ut frå dyretalet føretaket disponerte pr. 01.01.2016. For nokre dyreslag er det tal slakta dyr eller selte livdyr i løpet av 2015 som ligg til grunn.

Særleg om brukarskifte

Når føretaket overdreg drifta til ny brukar, er det avgjerande at føretaket ikkje blir sletta før alle tilskot er utbetalte.

Dersom verksemda vart overført til nytt føretak i løpet av året, kan gammalt og nytt føretak fordele tilskotet mellom seg, etter kor stor del av året dei dreiv. Begge føretaka må søkje om tilskot innan 20. januar 2017. Nytt og gammalt føretak må saman melde frå om overdraginga til kommunen, ved å fylle ut blankett LDIR-163. Du kan laste ned skjemaet her, eller få det hos kommunen. NB! Det gamle føretaket må eksistere til tilskotet er utbetalt.

Ved oppstart og avslutting av samdrift i mjølkeproduksjon skal det føretaket som søkte produksjonstilskot per 1. januar 2016 søkje om avløysartilskot for heile 2016. Det er ingen fordeling av tilskot mellom føretaka i slike tilfelle.

Slik søkjer du om avløysartilskot

Søknaden blir fremja på same måte og på same skjemaet som søknad om produksjonstilskot. Det sikraste er å levere søknaden via internett. Då vert skjemaet kontrollert før innsending, og føretaket får kvittering for at søknaden er levert. Kvitteringa blir levert i Min meldingsboks i Altinn.

Snakk med din kommune om ting som er uklart eller vanskelig.

Lever søknaden her