Strategisk rådgjeving for mjølkeprodusentar

Beiteslepp i Haram Foto: Arnold Hoddevik
Beiteslepp i Haram Foto: Arnold Hoddevik

Tine tilbyr strategisk rådgjeving for alle mjølkeprodusentane i fylket. Arbeidet er støtta økonomisk av Fylkesmannen gjennom Utviklings- og tilretteleggingsmidlane. 

Innsatsen opp mot bøndene i Ørsta og Volda vart avslutta tidlegare i år, og Tine har samanfatta erfaringane i rapporten som ligg vedlagt.   

Når prosjektet i Ørsta og Volda no er avslutta,  står kommunane på ytre Søre Sunnmøre for tur.  Seinare i år går tilbodet til bønder på Nordre Sunnmøre og i Nordal/Stordal. 

Når desse prosjekta er ferdig, har alle mjølkeprodusentane i fylket fått tilbod om strategisk rådgjeving.

 

Rapporten frå arbeidet i Ørsta/Volda har mellom anna desse konklusjonane

  • Mange har gjort seg nytte av tilbodet 
  • Prosjektet har ført til at fleire har gjort aktive framtidsval
  • Prosjektet stoppar ikkje avviklingsbruka, men det ser ut til å vere ei aukande vilje til å selje garder.
  • Austefjorden står i dag omtrent utan aktiv mjølkeproduksjon.
  • Skredrestriksjonane i Ørsta og Volda bremser og er eit stort hinder for vekst og utvikling.
  • Bondalsområdet er i særstilling med arealknapphet som begrensar framtida til nesten alle produsentane i dette området
  • Bondalen har mange unge bønder som ønsker å drive og treng å få styrka ressursgrunnlag.