Nye MRSA-reglar i svinebuskapar

Multiresistente bakteriar kan bli eit stort folkehelseproblem, og smitte kan spreiast frå svinebuskapar. Norske styremakter vil bekjempe multiresistente bakteriar i Norge, og innfører nye reglar.

Multiresistente bakteriar må bekjempast

Norske myndigheter vil bekjempe MRSA i Norge. Antibiotikaresistens er et potensielt folkehelseproblem, og smitte kan bli spreidd frå svinebuskapar. Mattilsynet har som mål å forhindre at MRSA etablerer seg i norske svinebesetningar, og svinebøndene tek eit stort samfunnsansvar, ved å delta i bekjempinga. Frå 1. april trår ei ny forskrift om smitteforebyggende tiltak i svinebesetningene i kraft.

Nye krav

De nye reglane gjer det obligatorisk for bonden å kreve at alle personar som har vore i risikosituasjonar, og som skal inn i besetninga, må bruke overtrekksklede, kirurgisk munnbind, eingongshanskar og hovudplagg.

Risikosituasjonar

Du har vore i ein risikosituasjon, hvis du har:

  • Har hatt kontakt med dyr som du visste, eller burde ha visst, var positive for antibiotikaresistente bakterier
  • Besøkt eller arbeidd i husdyrbesetning i utlandet.
  • Vore innlagd i helseinstitusjon, fått tannbehandling eller gjennomgått omfattande helseundersøking i utlandet
  • Arbeidd som helsearbeidar i utlandet
  • Oppholdt deg i barneheim eller flyktningeleir i utlandet

Dersom du har vore i ein slik risikosituasjon, arbeider med svin og ønskjer å arbeide utan verneutstyr, kan du gjere det når du har testa deg for MRSA i Norge, og testen er negativ.

Kvar gong du utset deg for ein risikosituasjon, må du teste deg på nytt og få resultatet, hvis du skal få lov til å sleppe verneutstyret.

Det einaste unntaket frå desse strenge krava er hvis du har testet negativt for MRSA. Ein slik test tek du hos fastlegen. Den er gratis for alle som har vært i risikosituasjonar.

Linkar til meir informasjon

Forskrift om smitteforebyggende tiltak mot visse antibiotikaresistente bakterier hos svin: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-02-14-247

Mer informasjon kan finnes på Mattilsynet sine sider om LA-MRSA: https://www.mattilsynet.no/dyr_og_dyrehold/dyrehelse/smitte_mellom_dyr_og_mennesker/MRSA/