Søk tilskot til førebyggande tiltak mot rovviltskader og konfliktdempande tiltak

Sauer på beite kan mange plasser bli utsette for angrep frå rovdyr
Sauer på beite kan mange plasser bli utsette for angrep frå rovdyr (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Det er straks tid for å søkje om tilskot til førebyggande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak i beiteområde. Fristen er 15. februar 2019. 

Søknadane skal sendast inn elektronisk via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter (https://soknadssenter.miljodirektoratet.no/ ) innan 15.februar 2019. Sjå linkar til meir stoff i Tilskotskalendaren

Førebyggande og konfliktdempande tiltak (FKT)

Målet med tilskotsordninga er å sikre iverksetting av effektive førebyggande tiltak for å minske dei skadane rovvilt kan forårsake på produksjonsdyr i landbruket og tamrein. Målet med konfliktdempande tiltak er å minske ulemper for lokalsamfunn og andre grupper. Tilskot skal bidra til en god samordning av verkemiddel frå landbruk og miljø innan rovviltforvaltninga. Ein kan velje mellom 3 ulike skjema:

Direkte tapsreduserande tiltak – førebyggande tiltak

Kommunale rovviltutval og beitelag, samt eigarar av produksjonsdyr i landbruket og tamreineigarar, kan søkje om tiltak som har en direkte tapsreduserande effekt, eller der ein kan oppnå ein slik effekt ved kombinasjon av verkemiddel.

Konfliktdempande tiltak

Personar, kommunar og organisasjonar kan søkje om middel til tiltak som har som mål å dempe konfliktar i samfunnet forårsaka av rovvilt. Tiltaka skal bidra til økt kunnskap om rovvilt og rovviltforvaltning. Tiltak retta mot barn og unge vert prioritert.

Akutte tiltak

Under skadesituasjonar i beitesesongen kan ein søkje om tilskot til akutte tiltak; som intensivt kortvarig tilsyn, kadaversøk med hund, sanking av beitedyr til beredskapsbeiter, eller skadefellingsforsøk. Søknad om akutte tiltak har ingen søknadsfrist. Ein må kontakte Fylkesmannen for å gjere avtale, og sette i verk tiltak så rask som mogleg.