Fleire vil satse på spesialisert kjøtproduksjon

Prosjektet «Økt sau- og storfekjøttproduksjon i Møre og Romsdal» starta opp i 2014, og vart avslutta i april 2017. Ambisjonen ved prosjektstart var 5 prosent produksjonsauke i forhold til 2012.  I utgangspunktet vart dette oppfatta som offensivt –  men ved prosjektslutt er målsetjingane oppfylt med god margin. 

Slaktevektene på storfe har gått opp, og færre kalvar har blitt slakta.  Det er framleis underdekking på storfekjøt, og innsatsen for å få fleire til å satse på ammekuproduksjon skal halde fram etter prosjektperioden. 

Bildetekst: . Foto: Prosjektleiar Mathilde Solli Eide, Nortura

Prosjektet har jobba med fellesarrangement, studieturar og fagmøte, - i tillegg til individuelle råd. Fleire av bøndene har konkrete planar om å satse på ammeku, og nokre har fått finansieringa gjennom Innovasjon Norge på plass.

Prosjektet har bidratt til lokale møteplassar for sauenæringa, og stimulert til lokal aktivitet i  Sau og Geit.   

Kurs om sau for nye på Tingvoll ble avsluttet med fjøsbesøk hos Rune Hanem. Foto: Prosjektleiar Mathilde Solli Eide, Nortura

Nortura har vore prosjekteigar, og jobben er gjort i samarbeid med TINE, TYR Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Sau og Geit, Møre og Romsdal Bondelag, Landbruk Nordvest, NORSØK/NIBIO og Felleskjøpet Agri.  

Kontaktperson hjå Nortura er: Prosjektleiar Mathilde Solli Eide, mathilde.solli.eide@nortura.no, 48120936