Bøndene er nøgde med yrkesvalet!

Dette er eitt av fleire funn i mjølkeundersøkinga som vart gjennomført av Trøndelag Forskning og utvikling, på vegne av fylkesmennene i Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Troms.

Bøndene fekk spørsmål om drifta i dag, og om planane framover. Rapporten er no ferdig. 

Svar­­prosenten i Møre og Romsdal var 43. Dette er litt lågare enn kva vi håpte på, men  rapporten gir likevel eit grunnlag for å sjå inn framtida.  Rapporten TFoU 2016:10 (Gunnar Nossum og Anne Sigrid Haugset) ligg vedlagt.

 

Her er nokre utdrag frå rapporten;

Kven er den «gjennomsnittlege» mjølkeprodusenten? Den mest typiske mjølkeprodusenten i Møre og Romsdal er ein mann på 50 år, med båsfjøs bygd på åttitalet. Gjennomsnittskvoten for 2015 var tett opp under 200 000 liter.  

Så godt som alle mjølkeprodusentane må leige jord! Nesten alle mjølkeprodusentane (96%) må leige jord, og vi veit at rundt halvparten av produksjonen er basert på leigd areal.  Dei fleste av avtalane går på 10 år, men bøndene har god tru på at jordleiga kan fornyast når avtalen går ut.  Dei fleste reknar med å fornye avtalane, men det er også fleire som skriv at dei vil dyrke ny jord.

Dei fleste har båsfjøs. Ein viktig del av bakgrunnen for undersøkelsen var å finne ut korleis bøndene førebudde seg på kravet om lausdrift som var varsla frå 2024.   Meir enn halvparten av dei med båsfjøs svarar at driftsbygninga har ei restlevetid på mindre enn 10 år.   Etter at undersøkelsen vart gjort er fristen for å bygge om til lausdrift utvida til 2034.  Det kan godt tenkjast at dette forandrar framtidsplanane for mange, men det har vi ikkje data på.

Bøndene er nøgde med yrkesvalet! Mjølkeprodusentane fekk spørsmål om dei ville vald same yrke på nytt – og 57 % svara bekreftande.   Dette er spennande tal – for svært mange bruk står overfor generasjonsskifte dei komande åra.  Knapt halvparten seier at generasjonsskiftet kjem om 5 til 10 år, medan 40 % svarar at dette må avklarast før det har gått 5 år.

Bøndene blir færre – men dei som er att vil auke produksjonen: Kvar femte bonde er usikker, eller har bestemt seg for å legge ned  i den komande tiårs bolken.  Fleire enn kvar tredje vil auke produksjonen, medan dei fleste seier at nivået kjem til å bli som i dag.  Ikkje uventa er det bønder som har investert i nytt «robotfjøs» som vil auke produksjonen mest, medan dei fleste som vil slutte har eldre båsfjøs. Dei som ikkje vil auke produksjonen  peikar på at arbeidsbelastninga er stor nok som den er, og at lønsemda ikkje er god nok.

Desse – og mange andre spørsmål – er samla og kommentert i rapporten.