Bioforsk på Tingvoll forskar vidare på alveld

Bioforsk på Tingvoll har dette året fått løyving til to prosjekt for å finne årsaken til alveld og å arbeide vidare med forebyggande tiltak mot sjukdommen.

Det blir arbeidd mellom anna med å få meir sikre tapstal for alveld og å identifisere giftstoffet som ein meiner forårsakar alveld.

Eitt av måla er å finne ein kjemisk formel på eit stoff som kan felle giftstoffet i fordøyelseskanalen på lam. Stoffet kan då puttast inn i ein kapsel og gjevast til lamma ved beiteslepp. Denne sommaren er det lagt ned kapsel på seks lam for å sjå korleis dette kan løysast i praksis.

Bioforsk ønskjer melding om alveldutbrot. Dei vil gjerne ha blodprøver av sjuke lam – før dei får behandling. Prøvene skal brukast til identifisering av giftstoffet. Bioforsk på Tingvoll kan komme og ta prøve eller ein kan få lokal veterinær til å ta prøve og sende inn til Universitetet i Oslo. Skjema ligg lenka til artikkelen. Ta gjerne eit bilde av lammet samtidig.

Regionalt forskningsfond Midt-Norge og Landbruksdirektoratet finansierer arbeidet. Samarbeidspartar er Bioforsk på Tingvoll og Universitetet i Oslo. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har følgd alveldforskinga i mange år og har bidrege med både midlar og kompetanse.