Husdyrhald

Husdyrproduksjonen er den viktigaste produksjonen målt i verdiskaping og sysselsetjing i norsk landbruk. I Noreg er det meir enn 800 000 storfe, over èin million sauer, over 1,5 millionar slaktegrisar, over 4 millionar høner og meir enn 62 millionar kyllingar. Vi har også andre husdyr som hjort, lama, geit, kanin, mink, rev, and, gjess og kalkunar.

Husdyrproduksjonen kan delast inn i to hovudformer:

  • Grovfôrbaserte produksjonar, som mjølkeproduksjon (ku og geit) og kjøtproduksjon (ku, sau og geit), utnyttar i hovudsak lokale arealressursar til matproduksjon og bidreg til å oppretthalde kulturlandskapet gjennom beiting og slått. 
  • Kraftfôrkrevjande produksjonar, som svine- og fjørfeproduksjon.

Husdyrkonsesjon

Husdyrkonsesjonsordninga regulerer det kraftfôrbaserte husdyrhaldet og omfattar all svine- og fjørfeproduksjon. Husdyrkonsesjon skal leggje til rette for at svine- og fjørfeproduksjonen blir spreidd på flest mogleg gardsbruk, og set grenser for kor stor produksjon av svin og fjørfe eit gardsbruk kan ha. Bønder som ønskjer å produsere meir, må søkje om konsesjon for å auke produksjonen.

Bruk skjemaet til høgre når du skal søkje om husdyrkonsesjon, og send søknaden til kommunen. Kommunen innstiller og sender saka vidare til Fylkesmannen, som behandlar og avgjer søknaden. Landbruksdirektoratet er klageinstans, men klagen skal likevel sendast til Fylkesmannen.

Erstatningsordningar og tilskot

Fylkesmannen har ansvar for erstatningsordningar i husdyrproduksjonen, tilskot til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og konfliktdempande tiltak og erstatning for tap av husdyr og tamrein til rovvilt .

Kommunane behandlar søknader om tilskot, gjennomfører stikkprøvekontrollar ved gardsbruk og rettleiar bønder. Fylkesmannen er koordinator og rådgjevar overfor kommunane. Landbruksdirektoratet har ansvar for hovudutbetalingane til bøndene.

Mattilsynet har ansvar for dyrehelse og næringsmiddelkontroll. Landbruksdirektoratet har ansvaret for kvoteordninga for mjølk.

Vis meir

Møre og Romsdal er eit sterkt mjølk- og storfefylke, med nesten 10 prosent av den samla mjølkekvoten i landet. Mjølkeproduksjonen, inkludert geitmjølk, står for den største delen av verdiskapinga i landbruket i fylket. Sidan årtusenskiftet er talet på mjølkeprodusentar halvert, men buskapane på dei bruka som er att blir stadig større, og mjølkeproduksjonen står framleis sterkt. Merkevarene Jarlsbergost og Ridderost vert begge produserte i Møre og Romsdal.
Kjøtproduksjon på ammekyr er framleis ei lita næring i fylket vårt, men vi ser for oss eit stort potensiale innafor denne driftsforma.

Møre og Romsdal er det tredje største geitefylket i landet, med 14 prosent av totalkvoten. Det vert produsert 2,5 millionar liter geitmjølk på 38 gardsbruk. Fylket har vel 12 prosent av produksjonen og geitene i landet. Geitosten Snøfrisk er ei velkjend merkevare som vert produsert i Møre og Romsdal.

I 2012 er det i alt 1 081 bruk i Møre og Romsdal driv med sau. Det er registrert 57 400 vaksne sauer over eitt år, i snitt 51 sau pr besetning. Møre og Romsdal har store utmarksressursar som eignar seg for sau, men har store utfordringar med tap på utmarksbeite.

I Møre og Romsdal er det i dag ca 1200 avlspurker fordelt på 43 bruk, medan der er 193 bruk som leverer slaktegris. Produksjonen av svinekjøt har siste tiåret gått opp med 21 prosent i vårt fylke. Purkeringen i Møre og Romsdal er ein samarbeidsmodell med ca 20 medlemmer.  Eit «nav» lokalisert i Tresfjord inseminerer purkene og fôrar dei fram til det nærmar seg fødsel. Deretter blir dei drektige purkene transportert til ein smågrisprodusent (satellitt), der grisungane blir fødde og fôra fram til slaktegris, medan purka returnerer til «navet» for ei ny inseminering og oppfôring.

Møre og Romsdal har få, men store produsentar av egg og kylling. Manglande infrastruktur er ei viktig årsak til at næringane ikkje er meir utbreidde.

Hestehald er ein stor aktivitet i fylket, men har mindre betydning som næring.


30.11.2012

Erstatning for tap av sau på beite

.