Fylkesnytt nr 2/2018 frå Møre og Romsdal

Det er fleire interessante saker i det andre nummeret av fylkesnytt frå Møre og Romsdal. Les m.a. om prosjektet Drainimp - fakta om omgraving av myr

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.09.2018

Her er liste over alle sakene kan du lese meir om.

  • Omgraving eller grøfting?
  • Nytt frå Tredrivaren i Møre og Romsdal
  • Nytt utvalt kulturlandskap i Møre og Romsdal: Norangsdalen – Hjørundfjorden
  • Inspirasjonsseminar «God mat til alle» – Ålesund 16.10.2018
  • Skogfond – viktig verkemiddel for aktiv skogforvaltning

I artikkelen om omgraving av myr kan du m.a. lese om korleis omgraving påverkar utslepp av klimagassar, dreneringsforhold, bereevne og avling.

I prosjektet Tredrivaren vert det jobba på tvers med nyskapande idear for meir bruk av tre i offentlege bygg.

Norangsdalen - Hjørundfjorden vart i 2018 utpeika til nytt utvalt kulturlandskap. Les om planer i området.

"God mat til alle" er eit satsingsområde frå Regjeringa. Det rettar seg mot institusjonar, er ei vidareføring av "Gylne måltidsøyeblikk". I fylket vårt skal det vere eit inspirasjonsseminar framfor årets kåring.

Skogfond er ein god indikator på aktiviteten i skogbruket. Les meir om korleis.

Fylkesnytt er eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Fylkesmennene publiserer stoff om nyheiter og satsingsområde etter bestilling frå departementet. I løpet av året får du 2-3 brev frå kvart embete med interessant stoff frå heile landet.

Du kan lese heile nyhendebrevet på Regjeringen.no.