Konsesjon og buplikt

Eigedomane er grunnlaget for verdiskapinga i landbruket. Den som overtek ein  landbrukseigedom må søkje om konsesjon dersom eigedomen er utan bygningar, eller dersom eigedomen har eit samla areal på meir enn 100 dekar, eller eigedomen har meir enn 35 dekar fulldyrka og/eller overflatedyrka jord.

Konsesjonslova gjeld for dei fleste typar erverv (kjøp eller arv) av fast eigedom. Formålet med konsesjonslova er verne om produksjonsareala i landbruket, noko som blir gjort gjennom regulering og kontroll når fast eigedom blir kjøpt eller seld. Lova skal dessutan sikre eigar- og bruksforhold som er tenlege for samfunnet. Vi må til dømes ta omsyn også til framtidige generasjonar, landbruksnæringa, behov for utbyggingsgrunn, miljø og busetting.  

Buplikt

Det er eit politisk mål å ha busetjing i heile landet, noko som blant anna blir sikra gjennom buplikta. Plikt følgjer direkte av lova når den som har odel eller er i nær slekt med førre eigar, overtek ein eigedom med bustadhus og meir enn 35 dekar dyrka mark eller 500 dekar skog. Buplikt kan òg setjast som vilkår i ei konsesjonssak. Kommunen kan også innføre buplikt for dei som kjøper eller arvar heilårsbustader, utan omsyn til storleik på eigedomen. 

Jordlova

Jordlova speglar det landbrukspolitiske målet om å sikre arealressursane og halde oppe og styrkje ressursane på det enkelte bruket. Dette inneber mellom anna at den som eig dyrka mark, har ansvar for at jorda blir driven.

Jordlova har reglar om driveplikt, omdisponering av dyrka og dyrkbar jord, og om deling av landbrukseigedom. Kommunen behandlar og avgjer saker etter jordlova og konsesjonslova, og Fylkesmannen er klageinstans.

Vis meir

Konsesjon

Dersom ervervet ikkje er konsesjonsfritt må du søkje konsesjon. Last ned skjema her:

SLF-359: Søknad om konsesjon på erverv av fast eigedom mv.

Ved erverv av eigedom som skal nyttast til landbruksformål, skal det leggast særleg vekt på følgjande ved handsaminga av søknaden:

  • Om den avtalte prisen tilgodeser ei samfunnsmesseg forsvarleg prisutvikling
  • Om ervervar sitt formål vil ivareta omsynet til busettinga i området
  • Om ervervet inneber ei god driftsmesseg løysing
  • Om ervervar er skikka til å drive eigedommen
  • Om ervervet varetek omsynet til heilskaplig ressursforvalting og kulturlandskapet

NB! Du må søkje konsesjon dersom du ikkje kan eller vil oppfylle buplikta som følgjer med ved konsesjonsfritt erverv av eigedom overtatt på odel eller frå nær slekt.

På Landbruksdirektoratet sine nettsider kan du lese meir om konsesjon.  Link til Rundskriv M-2/2009 om konsesjon og buplikt finn du her.

Buplikt ved konsesjonspliktig erverv

Buplikt kan settast som vilkår for konsesjon. Kommunen skal ut frå omsynet til busetting, heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskap ta stilling til om det skal stillast vilkår om buplikt, om buplikta skal vere ei personelg eller upersonleg plikt for eigar, og kor lengde buplikta skal vare. Kommunen kan velje å ikkje setje vilkår om buplikt.

Upersonleg buplikt betyr at nokon må bu på eigedommen, utan at det trenger å vere eigaren sjølv. Ved personleg buplikt må eigaren vere registert som busett på eigedommen i Folkeregisteret.

På Landbruksdirektoratet sine nettsider kan du lese meir om buplikt. Link til Rundskriv M-2/2009 om konsesjon og buplikt finn du her.

Konsesjonsfriheit

Svært mange erverv er gjort konsesjonsfrie gjennom unntak heimla i konsesjonslova. Då er det vanlegvis nok å sende inn eigenfråsegn om konsesjonsfridom. Både skjema for utfylling av konsesjonssøknad og eigenfråsegn kan lastast ned her:

SLF-360: Eigenfråsegn om konsesjonsfridom

Eit erverv kan vere konsesjonsfritt både på grunn av eigedommen sin karakter og ervervar si stilling.

Ved erverv av bebygd eigedom under 100 dekar totalt, og for erverv av bebygd eigedom med mindre enn 25 dekar dyrka jord, trenger du ikkje søkje konsesjon. Erverv av tomt som kommunen har lagt ut til bustad- eller fritidsformål, og erverv av ubebygd areal, som i kommune eller reguleringsplan er lagt ut til anna enn landbruksformål, er også konsesjonsfritt.

Overtar du eigedom på odel eller frå nær slekt, er ervervet konsesjonsfritt sjølv om eigedommen er over arealkrava som nemnt over. Ved erverv av bebygd eigedom med over 25 dekar dyrka jord eller over 500 dekar produktiv skog, vil det for desse erverva vere personleg (lovbestemt) buplikt for ny eigar. Les meir om buplikt i eige punkt.

Kor mykje dyrka jord/produktiv skog det er på eigedommar i din kommune kan du finne ved å søkje  NIBIO sitt gardskart på internett. 

Du kan overdra eigedom konsesjonsfritt til dine foreldre, besteforeldre, barn/svigerbarn, barnebarn/svigerbarnebarn, søsken, nevøar og nieser. Tilsvarande kan du overdra konsesjonsfritt til din ektefelle/sambuar og hans/hennar foreldre, besteforeldre, barn, barnebarn, søsken, nevøar og nieser.

Du kan overta eigedom konsesjonsfritt frådine foreldre m/ektefeller, besteforeldre m/ektefeller, barn/svigerbarn, barnebarn/svigerbarnebarn, søsken, svigerinne/svoger, onkel og tante m/ektefeller. Tilsvarande kan du overta konsesjonsfritt frå din ektefelle og hans/hennar foreldre og besteforeldre.

Buplikt ved konsesjonsfritt erverv

Sjølv om du har erverva ein eigedom konsesjonsfritt gjennom odel eller frå nær familie, kan det vere personleg buplikt på eigedommen. Denne typen buplikt er direkte heimla i konsesjonslova og inneber at ervervar sjølv må bu på eigedommen samanhengande i 5 år. Den eller de buplikta gjeld må vere registert som busett på eigedommen i Folkeregisteret. Tilflyttingsfristen er eitt år rekna frå overtaking av eigedommen.Buplikt ved konsesjonsfritt erverv gjeld berre for landbrukseigedommar som oppfyller alle vilkåra i kulepunkta nemnt under:

  • Eigedommen har eit hus som er eller har vært nytta som heilårsbustad, eller hus under oppføring kor løyve er gitt med sikte på bustadformål
  • Eigedommen har meir enn 25 dekar dyrka jord (dyrka/overflatedyrka), eller meir enn 500 dekar produktiv skog

Dersom du ikkje kan eller vil oppfylle buplikta, eller dersom du ønskjer å få utsatt tilflyttingsfristen, må du søkje kommunen om konsesjon. Dette gjeld sjølv om utgangspunktet for ervervet var konsesjonsfridom. Du finn meir informasjon om konsesjonsfridom på grunn av slektskap eller odel under fana «kjøp og sal».


27.02.2016

Hevar grensa for priskontroll til 3,5 millionar kroner

I tråd med stortingsvedtak av 16. februar har Landbruks- og matdepartementet heva priskontrollgrensa for landbrukseigedomar med bustadhus frå 2,5 til 3,5 millionar kroner. Endringa gjeld for alle saker som ikkje var avgjorde av kommunen pr. 23. februar 2016.

03.01.2014

Foreslår å oppheve priskontrollen

Regjeringa foreslår å oppheve priskontrollen på landbrukseigedomar. Eit livskraftig og dynamisk landbruk er avhengig av eit velfungerande marked for omsetning av landbrukseigedomar, seier landbruks- og matmininster Sylvi Listhaug.