Ny kartløysing for gardskart

NIBIO lanserte ny kartløysing for gardskart i juni 2018. Kart fortel oss fakta om landskapet.
NIBIO lanserte ny kartløysing for gardskart i juni 2018. Kart fortel oss fakta om landskapet. (Foto: Arnold Hoddevik)

Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) lanserte 14. juni 2018 ny løysing for gardskart på internett. 

NIBIO skriv på nettsida si, at der er fleire hyheiter i den nye løysinga, som er programmert frå botnen av. Årsaka til at løysinga er programmert på nytt, er at den gamle løysinga ikkje kunne tilpassast mobil og nettbrett.

Kartløysinga gardskart på internett frå NIBIO fungerer no også på nettbrett og mobiltelefon, eit nyttig verktøy for næringsutøvarar og forvaltning.

Kartløysinga gardskart på internett frå NIBIO fungerer no også på nettbrett og mobiltelefon, eit nyttig verktøy for næringsutøvarar og forvaltning. (Foto: Arnold Hoddevik)

Kartløysinga gardskart på internett frå NIBIO fungerer no også på nettbrett og mobiltelefon, eit nyttig verktøy for næringsutøvarar og forvaltning. Foto: Arnold Hoddevik

Nytt er også betre måle- og teikneverktøy og måten data blir tekne vare på til ditt neste besøk.

Du kan også teikne inn ulike tiltak i kartet, og du kan søkje etter gards- og bruksnummer, ved å klikke på driftssenteret i kartet.

Les meir om den nye kartløysinga hos NIBIO.NO, jf link vedlagt.

Gardskart på internett er skreddarsydd for forvaltning og eigarar og leigarar av landbrukseigedomar, men også andre kan bruke kartløysinga frå NIBIO.

Kontaktpersonar