Masseoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret

Fristen for å oppdatere arealtilstand i kartet før masseoppdateringa av arealtal i Landbruksregisteret rykkjer stadig nærare. 20. august må kommunane ha fullført registreringane.
Korrekt kart påvirkar økonomien
Kartet er grunnlaget for utmåling av alle arealbaserte tilskot i jordbruket. Arealtala for jordbruksareala vert utrekna etter registreringar i kartet, og overførte til Landbruksregisteret, som er kontrollkjelde for søknader om produksjonstilskot.
Eit ajourført og rett kart er derfor avgjerande for korrekt utmåling av dei arealbaserte tilskota i jordbruket, og verkar direkte inn på utbetalingane til næringsutøvarane i jordbruket.
Masseoppdateringa av Landbruksregisteret vil føre til justering av jordbruksareala på mange landbrukseigedomar. Arealtala blir lagde til grunn som øvre avgrensing av dei tal dekar bøndene kan søkje om produksjonstilskot til seinare i haust.
Betre kart
Når Landbruksdirektoratet no går over til å automatisk oppdatere arealtala i Landbruksregisteret med data frå kartet, inneber det ei effektivisering av dette arbeidet. Samtidig set det større krav til innsatsen i ajourhold av kartet.
Kontaktpersonar
-
Odd Løset
Tlf: 71 25 84 08 / 990 41 006 -
Per Eldar Nakken
Tlf: 71 25 85 81