Hevar grensa for priskontroll til 3,5 millionar kroner

I tråd med stortingsvedtak av 16. februar har Landbruks- og matdepartementet heva priskontrollgrensa for landbrukseigedomar med bustadhus frå 2,5 til 3,5 millionar kroner. Endringa gjeld for alle saker som ikkje var avgjorde av kommunen pr. 23. februar 2016.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.02.2016

Stortinget handsama den 16. februar framlegg til endringar i konsesjonslova, jf. prp. 124 L (2013-2014). Lovframlegget, som gjaldt oppheving av priskontroll på landbrukseigedomar, vart sendt attende til regjeringa med føringar for vidare handsaming. Stortinget bad samstundes regjeringa fastsette at det ikkje lenger skal vere priskontroll ved overtaking av ein eigedom med bustadhus, med mindre kjøpesummen overstig 3,5 millionar.

Formålet med priskontroll er å sikre at eigedomar som skal nyttast til landbruksformål, vert omsett til ein pris som bidreg til å nå måla i landbrukspolitikken. Dette gjeld måla om å auke rekrutteringa til næringa, å leggje til rette for ei langsiktig ressursforvaltning, og å skape stabile heiltids- og deltidsarbeidsplassar i landbruket. Det er derfor eit berande prinsipp i konsesjonslova at prisen på landbrukseigedomar er samfunnsmessig forsvarleg, ut frå den avkastninga eigedomen kan ventast å gje.

For landbrukseigedomar med bustadhus vert priskontrollen kompensert for den verdien eigedomen har som bustad. Priskontroll har tidlegare derfor ikkje vore praktisert for utbygde eigedomar når kjøpesummen er under 2,5 millionar. Denne grensa er no heva, jf. rundskriv M-2/2016 frå Landbruks- og matdepartementet. Departementet si tidlegare oppmoding frå 2013 om å ikkje leggje avgjerande vekt på pris ved konsesjonsvurderinga, fell med dette bort.

Stortinget har bedt regjeringa leggje fram ein ny proporsjon om framtidige endringar i konsesjonslova. Stortinget ønskjer mellom anna framlegg om oppheving av priskontroll for skogeigedomar, heving av arealgrensene for konsesjonsplikt og buplikt, og enklare reglar for overføring av tilleggsjord. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp føringane i form av høyringsdokument.

Pressemelding frå Landbruks- og matdepartementet om heving av beløpsgrensene for priskontroll

Lenkje til stortingsvedtaket og departementet sitt rundskriv finn du i høge sidemarg.