Nasjonal jordvernstrategi vedteken av Stortinget

Stortinget vedtok 8. desember 2015 samrøystes eit strengare vern av matjord, og skjerpar
målet for årleg omdisponering av dyrka mark frå maksimalt 6000 daa til 4000 daa.
Målsettinga skal skje gradvis, og omdisponeringsmålet skal vere nådd innan 2020.

Matjord er ein av dei aller største og viktigaste ressursane vi har, og må vernast om. Med eit nasjonalt mål om å auke matproduksjonen og sjølvforsyningsgraden, så må vi verne om landbruksareala. Stortinget sitt vedtak er ei skjerpa bestilling til kommunar, utbyggarar, regionale mynde m.fl. om at jordvernet skal vektleggast endå sterkare enn tidlegare.

Kommunane er landbruks- og planmyndigheit etter jordlova og plan- og bygningslova, og har dermed eit lokalt ansvar for jordvernet, som er ei nasjonal interesse. Det nye nasjonale omdisponeringsmålet krev streng praktisering av jordvernet i kommunane si arealplanlegging.  Det skal difor særs gode og veldokumenterte grunnar til for å omdisponere viktige jordbruksareal.