2014; eit svakt år for jordvernet i Møre og Romsdal

KOSTRA-tal for 2014 viser at det vart omdisponert 783 dekar dyrka og dyrkbar jord, til anna enn landbruk. Dette er fordelt på 463 dekar dyrka og 320 dekar dyrkbar jord, ei auke frå 2013 som var på totalt 688 dekar og 334 dekar dyrka og 354 dekar dyrkbar jord.

Kommunane i Møre og Romsdal ligg i landstoppen når det gjeld omdisponering av dyrka mark gjennom einskildsaker etter jordlov og dispensasjon etter plan- og bygningslov. Møre og Romsdal er av dei fylka i landet med størst bortfall av dyrka jord, og det er særleg rundt dei talrike bygdebyane og i kystregionen avgangen er størst. Strukturendringane i jordbruket med nedgang i brukstal og auka gjengroing gjer det utfordrande å få lokalt gjennomslag for forsterka jordvern.

Etter ein jamn nedgang dei siste åra, med ein positiv «botnnotering» i 2012, så har dessverre omdisponeringa igjen auka i 2013 og 2014. Blant dei 20 kommunane i landet med mest dyrka mark omdisponert til andre føremål enn landbruk i 2014, finn vi i vårt fylke Fræna kommune med 75 daa og Haram kommune med 64 daa.

Totalt vart det på landsbasis i 2014 omdisponert 5710 daa dyrka mark, det er ca. 816 fotballstadionar av storleiken til Ullevaal stadion (ca. 7 daa). Dette er rett under den nasjonale målsettinga om at årleg nedbygging av dyrka mark ikkje skal overstige 6000 daa.

Sjå også link i høgre kolonne:
Meir om omdisponering av dyrka mark på Landbruksdirektoratet sin nettstad

SSB - statistikk