Jordvern

Vi treng dyrka og dyrkbar jord for å sikre matforsyning på lang sikt. Derfor bør vi i størst mogleg grad unngå å byggje vegar, bustader og industribygg på dyrka mark. Jordvern inneber å sikre at den beste jorda framleis blir brukt til å dyrke mat og ikkje omdisponert til andre formål.

Presset på matjordareal varier frå fylke til fylke

Utfordringane på dette området varierer mykje frå region til region, med overskot av areal, attgroing og dårleg vedlikehald i enkelte område, og underskot, nedbygging, mangel på areal å spreie husdyrgjødsel på og høge leigeprisar i andre område.

I nasjonal jordvernstrategi har Stortinget fastsett eit mål om at den årlege omdisponeringa av dyrka jord må vere under 4000 dekar.

Dei delane av landet med byar og tettstader som veks mest, har også dei mest produktive jordbruksområda. Dei siste 50 åra er det omdisponert meir enn ein million dekar jordbruksareal til andre formål. I arealplanlegginga må utbyggingsbehov, transportsystem, grønstruktur, friluftsinteresser, biologisk mangfald og kulturminnevern vurderast samla.

Vis meir

Kvifor er det viktig med eit sterkt jordvern? #

Dyrka jord er grunnlaget for all matproduksjon i landbruket, og er ein svært liten ressurs i Noreg der berre ca. 3 % av det samla norske arealet er jordbruksareal, noko som er særs lite samanlikna med andre land.

Matjord er ein ikkje-fornybar ressurs der jord er eit resultat av tusenvis av år med naturleg jordsmonndannande prosessar. Ein størst mogleg grad av sjølvforsyning er eit viktig bereidskapstiltak, særskilt med klimaendringar som trugar den globale matproduksjonen. Norskprodusert mat er trygg å ete ettersom Noreg brukar minst sprøytemiddel og antibiotika i landbruket i Europa.

# Kjelde; «Ti gode grunnar til jordvern», Bondelaget. http://www.bondelaget.no/nyhetsarkiv/ti-gode-grunnar-til-jordvern-article79178-3805.html

Det er kommunane som gjer vedtak om frådeling og omdisponering i høve jordlova. Fylkesmannen er klagemynde. I tillegg kan han som overordna organ ved særlege høve gjere om vedtak gjort i kommunen. 

Fylkesmannen er også høyringsinstans i kommuneplan- og reguleringsplansaker, samt ved søknad om dispensasjon frå kommuneplana.  I plansaker kan vi ha motsegn der omsynet til jordvernet ikkje vert tatt nok omsyn til. I dispensasjonssaker kan vi klage på vedtak gjort i kommunen. Slike klagesaker vert handsama av ein settefylkesmann.

Jordvernstrategien for Møre og Romsdal ligg som grunnlag for arbeidet.

 

 


24.02.2016

Jordvern Møre og Romsdal

Møre og Romsdal har fått sin første Jordvernforening, då denne vart skipa under stiftingsmøte på Gjermundnes 15. februar 2016. Målet er å samle ei brei forståing og støtte for eit sterkt jordvern i Møre og Romsdal.

18.02.2016

Nasjonal jordvernstrategi vedteken av Stortinget

Stortinget vedtok 8. desember 2015 samrøystes eit strengare vern av matjord, og skjerparmålet for årleg omdisponering av dyrka mark frå maksimalt 6000 daa til 4000 daa.Målsettinga skal skje gradvis, og omdisponeringsmålet skal vere nådd innan 2020.

17.02.2016

2014; eit svakt år for jordvernet i Møre og Romsdal

KOSTRA-tal for 2014 viser at det vart omdisponert 783 dekar dyrka og dyrkbar jord, til anna enn landbruk. Dette er fordelt på 463 dekar dyrka og 320 dekar dyrkbar jord, ei auke frå 2013 som var på totalt 688 dekar og 334 dekar dyrka og 354 dekar dyrkbar jord.