Saksgang i grensejusteringssaker

Eit sentralt prinsipp i inndelingslova er lokal medverknad. Inndelingslova gir derfor innbyggarar, grunneigarar og næringsdrivande med forretningsstad i kommunen, rett til å sette fram ein søknad om at det skal setjast i gong utgreiing av grensejustering. Det er tilstrekkeleg at ein innbyggar sett fram ein søknad om utgreiing av grensejustering.

Initiativrett og søknad om grensejustering

Eit sentralt prinsipp i inndelingslova er lokal medverknad. Inndelingslova gir derfor innbyggarar, grunneigarar og næringsdrivande med forretningsstad i kommunen, rett til å sette fram ein søknad om at det skal setjast i gong utgreiing av grensejustering. Det er tilstrekkeleg at ein innbyggar sett fram ein søknad om utgreiing av grensejustering.

Søknaden skal vere skriftleg og grunngitt og den må innehalde kart med forslag til nye grenser. Søknad om utgreiing av grensejusteringar skal sendast Fylkesmannen. Fylkesmannen skal varsle dei aktuelle kommunane om eventuelle søknader som kjem inn. 

Departementet (eller Fylkesmannen etter delegert mynde) skal behandle søknaden og avgjere om utgreiing av grensejustering skal setjast i gong eller ikkje.

Oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om å sette i gong utgreiing av grensejustering

Ved avgjerd om at saka skal utgreiast vil Fylkesmannen få oppdrag frå departementet om å innhente faktagrunnlag, uttale frå innbyggarar og kommunane og gi tilråding i saka.

Departementet (eller Fylkesmannen) vil ha det overordna ansvaret for at det skjer ei forsvarleg saksutgreiing. Fylkesmannen skal sørgje for å innhente dei viktigaste nøkkeldata om det området søknaden gjeld. Dette gjeld til dømes opplysningar om folketal, areal, geografi, reiseavstand (reiseavstand til kommunesenteret), og kommunikasjonsforhold (kollektivtilbod). Andre forhold som kan vere viktige er demografiske utviklingstrekk, flytteaktivitet, pendling (internt og mellom kommunane), næringsstruktur, næringsutvikling, byggemønster og arealbruk, inntekts- og utgiftsstruktur og det kommunale tenestetilbodet (bruk i dag og ved ei eventuell grensejustering).

Fylkesmannen kan oppmode kommunale, fylkeskommunale og andre statlege forvaltningsorgan om å medverke til saksførebuinga. Fylkesmannen vil hente inn faktagrunnlag frå sine eigne fagavdelingar, Møre og Romsdal fylkeskommune, Kartverket og Statistisk sentralbyrå.

I samband med utgreiinga vil Fylkesmannen ta direkte kontakt med søkarar og dei aktuelle kommunane både skriftleg og munnleg. Fylkesmannen vil i dialogen søke å få supplering av faktagrunnlaget, og det blir lagt opp til ei spørjeundersøking av alle innbyggarane over 16 år i søkarområdet for grensejusteringa. Når alt faktagrunnlag er samla inn vil kommunane få høve til å uttale seg i saka.

Søknad, saksutgreiing med faktagrunnlag, resultat frå innbyggarhøyringa, kommunane sine uttaler i saka og Fylkesmannen si tilråding vil bli sendt over til departementet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet treff avgjerd i saka jf. inndelingslova § 6.