Oversending av innbyggarinitiativ

Fylkesmannen i Møre og Romdal sendte i dag over innbyggarinitativet frå Åheim i Vanylven kommune til KMD.

Fylkesmannen rår til at innbyggarinitiativet om utgreiing av grensejustering mellom Vanylven og nye Stad kommune i Vestland fylke vert avslått.

Fylkesmannen meiner det vil legge til rette for ein betre prosess dersom spørsmålet om grenseendring for Vanylven kommune blir vurdert i ein samla og heilskapleg samanheng som ser på totalbiletet for heile kommunen. Fylkesmannen rår derfor til at søknad om utgreiing av grensejustering for Åheim, Thue, Gusdal og størsteparten av Vik blir avslått.