Grensejusteringssaka i Rauma kommune ute på høyring

Grensejusteringssaka for Vågstranda (grunnkrinsane Våge og Hjelvik) er no sendt på høyring til Rauma og Vestnes kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens Kartverk.

Fylkesmannen sendte den 24.04.2019 saka på høyring med innsamla faktagrunnlag og rapport med resultat frå gjennomført innbyggarhøyring.

Høyringsfristen er sett til 24.05.2019 og saka skal behandlast av kommunestyra i begge kommunar den 23.05.2019.

Oversendingsbrev og høyringsdokument ligg til høgre.