Grensejustering mellom Rauma og Vestnes kommune

Fylkesmannen har fått i oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) å utgreie ei eventuell grensejustering av grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma kommune over til Vestnes kommune.

På denne sida vil vi legge ut aktuell informasjon i saka

I oversikta til høgre finn du så langt søknaden frå Vågstranda vel, uttale til søknaden frå kommunane, oppdragsbrev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, milepælsplan og informasjon om telefonundersøkinga.


29.05.2019

Fylkesmannen si tilråding oversendt KMD

Fylkesmannen i Møre og Romsdal sendte i dag utgreiing og tilråding i grensejusteringssaka for Vågstranda i Rauma kommune til Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD).

30.04.2019

Grensejusteringssaka i Rauma kommune ute på høyring

Grensejusteringssaka for Vågstranda (grunnkrinsane Våge og Hjelvik) er no sendt på høyring til Rauma og Vestnes kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens Kartverk.

24.04.2019

Resultat frå innbyggarhøyringa i Rauma kommune

Fylkesmannen har i dag motteke resultata frå innbyggarhøyringa som er gjennomført i samband med grensejusteringssøknaden frå grunnkrinsane Hjelvik og Våge i Rauma kommune.

25.03.2019

Faktagrunnlag i grensejusteringssaka mellom Rauma og Vestnes

Ein viktig del av saksførebuinga i grensejusteringssaka mellom kommunane Rauma og Vestnes er å innhente faktagrunnlag i saka. Fylkesmannen har i samband med dette utarbeidd ei sjekkliste for innhenting av faktagrunnlag ved grensejustering.

18.03.2019

Innbyggarhøyring om grensejustering mellom Rauma og Vestnes

I samband med utgreiinga i grensejusteringssaka mellom Rauma og Vestnes, vil Opinion på vegne av Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomføre ei innbyggarhøyring i grunnkretsane Hjelvik og Våge i tidsrommet 1.-12. april 2019.