Grensejusteringar i Møre og Romsdal

Svar på innbyggarundersøkingar og høyringsbrev ut til kommunane.

Fylkesmannen har motteke resultatet av innbyggarundersøkingane som er gjennomført i samband med utgreiingane av 5 grensejusteringssøknader i Møre og Romsdal. Områda det gjeld er:

  • Liabygda i Stranda kommune
  • Bjørke og Viddal i Ørsta kommune
  • Norddal og Eidsdal i Norddal kommune
  • Angvik, Flemma, Fagerlia og Øye/Heggem i Gjemnes kommune
  • Sandøy, Ona, Orten, Seterøya, Gåsøya og Lyngværet i Sandøy kommune

Faktainformasjonen som fylkesmannen har samla inn i samband med utgreiingane vert no sendt ut saman med eit høyringsbrev der partane skal uttale seg i saka. Høyringspartar er involverte kommunar, Møre og Romsdal fylkeskommune og Kartverket.

Høyringsfristen er sett til først i mars, og fylkesmannen skal ha sluttmøte med partane i saka i veke 12. Fylkesmannen legg så fram si tilråding av utgreiingane på ein pressekonferanse 23. mars 2018, og sender så tilrådingane til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for vidare saksbehandling og endeleg vedtak.

Oppdraget med grensejusteringsarbeidet er gitt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, på bakgrunn av oversendte innbyggerinitiativ og departementets eigne vurderingar.