Fylkesmannen avlyser alle sine planlagde tilsyn

Fylkesmannen avlyse/utset alle tilsyn som krev oppmøte i verksemda fram til 1. juni 2020. Dette gjeld tilsyn innan barnehage og skole, helse og omsorg, sosial og barnevern, og tilsyn frå miljøvernavdelinga og beredskapsstaben.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.03.2020

Det vil heller ikkje bli varsla nye tilsyn i denne perioden. Tilsynskalenderen vil bli ajourført.

Kommunane og helseføretaka er i ein krevjande situasjon og fylkesmannen legg om arbeidet slik at vi ikkje belastar unødig med ting som i denne situasjonen ikkje haster.

Det medfører òg at vi prioriterer anna tilsynsaktivitet strengt ut frå alvor og hastegrad, og vil i lys av vårt rådgivings- og rettleiingsansvar søkje å løyse pågåande og nye tilsynssaker på ein ressurseffektiv måte som bidrar til pasienttryggleik og kvalitet i dialog med kommunen eller helseføretaket. Dette er i tråd med midlertidige føringar frå Helsetilsynet.

Tilsyn som allereie er gjennomført blir følgt opp og avslutta på ordinært vis, og behovet for kontakt med kommunen/ helseføretaket vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Fylkesmannen set no inn naudsynte ressursar i beredskap og det får òg innverknad på anna aktivitet. Vi må som alle andre planleggje og førebu oss på høgt sjukefråvær, og denne situasjonen medfører dessverre at vi ikkje kan svare på alle førespurnader like godt som vi ønskjer.    

Våre tilsette sit på heimekontor, og er tilgjengeleg for rettleiing og samtaler.