Fylkesmannen i møte med nye Fjord kommune

Frå venstre: Fylkesmann Lodve Solholm, ordførar i Stordal og leiar av fellesnemnda Eva Hove, Ass. fylkesmann Rigmor Brøste, direktør Helge Mogstad frå Fylkesmannen, ordførar i Norddal Arne Sandnes,  rådmann i Norddal og ny administratsjonssjef i Fjord kommune Karl Andre Birkhol, prosjektleiar for nye Fjord kommune Hilde Dyrkorn, tillitsvald Adriana Cadavid, tillitsvald Kjetil Uri, økonomisjef i Stordal  Elin Amdam, rådmann i Stordal Anne Berit Løset og økonomisjef i Norddal Arne Krohn
Frå venstre: Fylkesmann Lodve Solholm, ordførar i Stordal og leiar av fellesnemnda Eva Hove, Ass. fylkesmann Rigmor Brøste, direktør Helge Mogstad frå Fylkesmannen, ordførar i Norddal Arne Sandnes, rådmann i Norddal og ny administratsjonssjef i Fjord kommune Karl Andre Birkhol, prosjektleiar for nye Fjord kommune Hilde Dyrkorn, tillitsvald Adriana Cadavid, tillitsvald Kjetil Uri, økonomisjef i Stordal Elin Amdam, rådmann i Stordal Anne Berit Løset og økonomisjef i Norddal Arne Krohn (Foto: Vigdis Rotlid Vestad)

Fylkesmannen inviterte seg til møte med nye Fjord kommune for å få ei oppdatering på status i arbeidet med samanslåinga av Stordal og Norddal kommune. Fylkesmannen er godt nøgd med framdrifta.

Fylkesmannen fekk ein god gjennomgang av arbeidet med bygginga av den nye kommunen. Både dei politiske, administrative og tillitsvalde representantane ga uttrykk for godt samarbeid og positive medarbeidarar.

Prosjektleiinga står framfor ein travel haust med å få på plass administrativ organisering, arbeid i dei ulike arbeidsgruppene, kulturbygging og næringskonferanse for å nemne noko. Den nye kommunen står framfor store oppgåver når det gjeld områda IKT/arkiv, og å få i gang gode prosessar på planområda, særleg innan samfunnsdelen i den nye kommuneplanen.

Ein fersk utarbeidd digitaliseringsstrategi for Fjord kommune er eit av verktøya prosjektleiinga vil nytte i arbeidet med å digitalisere den nye kommunen – til nytte for dei tilsette og innbyggarane.