Prosjektleiarsamling for nye kommunar i Møre og Romsdal, 28. og 29. mars

Prosjektleiarar, rådmenn og andre som arbeider med etablering av nye kommunar i Møre og Romsdal, møttes denne veka i Molde til første felles samling.

Samlinga var eit samarbeid mellom KS og Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

KS-konsulent ved Geir Johan Hansen leia samlinga. Deltakarane fekk fagleg påfyll og delte erfaringar med kvarandre.

Vi vart mellom anna orientert om prosjektet "nye Asker kommune" og fekk presentert utkast til kommunikasjonsstrategi for nye Ålesund kommune. Det var også lagt opp til gruppearbeid, der m.a. arbeidsgivarperspektivet var eit av tema.