Oppstartsmøte for grensejusteringar i Møre og Romsdal

Fylkesmannen har fått i oppdrag frå Kommunal- og Moderniseringsdepartementet
(KMD) å utgreie 5 grensejusteringar i Møre og Romsdal
.

Fylkesmann Lodve Solholm inviterte difor til oppstartsmøte for utgreiingsarbeidet. Formålet med møtet var å gje ei orientering om prosessen framover, samstundes som partane i saka fekk høve til å legge fram sitt syn.

Grensejusteringane det gjeld overflytting frå:

  • Stranda kommune – grenda Liabygda til nye Fjord kommune.
  • Ørsta kommune – grendene Bjørke og Viddal til nye Volda kommune.
  • Gjemnes kommune – grendene Angvik, Flemma, Fagerlia og Osmarka til nye Molde kommune.
  • Sandøy kommune – øyane Ona, Orta, Sandøy, Seterøya, Lyngværet, Gåsøya til Aukra kommune.
  • Norddal kommune – grendene Norddal og Eidsdal til Stranda kommune.