Kartverket og Fylkesmannen har besøkt nye kommunar i Møre og Romsdal

Kartverket og Fylkesmannen besøkte den 17. og 18. jan. 4 av våre 5 nye kommunar.

Denne gongen besøkte vi kommunane nye Molde, nye Ålesund, Hustadvika og Fjord. Nye Volda kommune blir besøkt ved ei seinare anledning. Tema var å informere om korleis kommunane må forberede seg til den nye kommunen skal vere i drift frå 1. jan. 2020. Kommunane var godt representert på møta med prosjektleiarar, rådmenn, ordførarar og fagfolk innan kart, IKT og tekniske tenester

Teknisk koordinator IKT frå Kartverket, Bernt Audun Strømsli, sette fokus på korleis kommunane best skal kunne løyse digitale utfordringar for offentleg sektor ved kommunesamanslåing.  

Wenche Mork,senioringeniør og matrikkelansvarleg fråKartverket i Moldeinformerte om kva som skal, må og bør gjerast av praktiske arbeidsoppgåver i matrikkelen ved kommunesamanslåing. Fylkeskartsjef Kari Buset deltok også på møtet.

Sjå Kartverket sine heimesider som blant anna har sjekklister for kva kommunane må utføre før 1.jan. 2020 - og vedlagte presentasjonar. Ass.fylkesmann Rigmor Brøste og seniorrådgivar Vigdis Rotlid Vestad ga ei kort nyhendeoppdatering frå Fylkesmannen, sjå våre