Infoskriv nr. 3/2017

Fylkesmannen sender med dette ut infoskriv nr. 3 til nye kommunar. I dette INFO-skrivet er det spesielt fokus på økonomiplan, prosjektorganisering, saksbehandlingsreglar, eigedomsskatt og organisasjonsnummer for nye kommunar.

Vi informerer litt om kravet til fellesnemnda om å uttale seg til budsjett- og økonomiplanar for samanslåingskommunane. Det blir informert om kommunelova sine saksbehandlingsreglar i forhold til prosjektorganiseringa i arbeidet fram til ny kommune 1. jan. 2020.

Kommunane har også etterlyst litt meir utfyllande informasjon om eigedomsskatt i høve til kommunesamanslåing. Til slutt seier vi litt om nytt organisasjonsnummer til den nye kommunen.