Infoskriv nr 2/2017

Fylkesmannen gir med dette ut infoskriv nr. 2 til nye kommunar. I dette INFOskrivet er det spesielt fokus på kva kommunane må gjere i høve til saksgang fram til kongeleg resolusjon hausten 2017.

INFOskrivet er ein «kortversjon» av all informasjonen som er tilgjengeleg i arbeidet med kommunesamanslåing. Vi viser blant anna til informasjon som er tilgjengeleg både på regjeringa sine heimesider og Fylkesmannen sine heimesider.