Historisk felles kommunestyremøte for nye Molde kommune i Nessethallen

I dag 22. juni 2017, samlast kommunestyra i Midsund, Molde og Nesset kommunar til eit historisk felles kommunestyremøte i Nessethallen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.06.2017

Fylkesmannen gratulerer kommunane Molde, Midsund og Nesset med samanslåingsvedtaket i Stortinget 8. juni. 2017, der Stortinget fatta vedtak om endringar i kommunestrukturen - Prop. 96 S (2016-2017), Innst. 386 S (2016-2017).

Ordførarane i Molde, Nesset og Midsund overrakte vedtaka om samanslåing til Fylkesmannen i Møre og Romsdal. I biletet ser vi frå venstre: fylkesmann Lodve Solholm, ordførar Torgeir Dahl frå Molde, ordførar Rolf Jonas Hurlen frå Nesset og ordførar Odd Helge Gangstad frå Midsund