Vegen mot ein ny kommune

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har laga ein rettleiar for prosessen kommunane skal igjennom i kommunereforma.

Rettleiaren skal støtte kommunane i den lokale prosessen frem til kommunestyret skal fatte vedtak om samanslåing innan våren 2016.

Rettleiaren viser dei ulike trinna i prosessen, og omtaler mellom anna når kommunen bør ha politisk handsaming, involvere innbyggarane og frivillige lag og organisasjonar samt kommunikasjon både internt og eksternt.

I ein stor og omfattande prosess som kommunereforma, vil det alltid vere spørsmål og avklaringar under vegs. Kommunane kan melde til fylkesmannen om det er spørsmål eller andre tema som ein ønskjer belyst.

Meir om rettleiaren "Veien mot en ny kommune" er på KMD sin nettstad.