Samling om kommunereforma

Onsdag inviterte Fylkesmannen politisk og administrativ leiing i kommunane til samling om kommunereforma.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.11.2015

105 deltakarar frå heile Møre og Romsdal møtte i Molde onsdag for å bu seg på resten av arbeidet med kommunereforma. Det var ein raud tråd gjennom samlinga der statssekretær, fylkesmann og ordførarar kom med gode innspel. Alle presentasjonane finn du til høgre.

Sjå video frå samlinga nederst i saka

Fylkesmannen informerte om Stortingsfleirtalet sitt vedtak om at:

  • Det er viktig at alle kommunar gjennomfører lokale prosessar innan fristen våren 2016
  • Alle kommunar har er eit utgreiingsansvar
  • Kommunen skal leggje opp til prosessar for å skape eigarskap og engasjement både politisk og internt hjå sine arbeidstakarar
  • Innbyggjarane skal høyrast anten gjennom folkerøysting, høyringsmøter eller spørjeundersøkingar

Kommunane må ha gjennomført dette oppdraget, slik at Fylkesmannen får eit godt grunnlag for tilrådinga si. Fylkesmann Lodve Solholm la vekt på at kommunane hadde eit ansvar for å leie gode politiske og administrative prosessar i arbeidet med kommunereforma.

I tilrådinga si skal Fylkesmannen legge til grunn lokale forhold og fakta, kommunen sin prosess i arbeidet med kommunereforma, Fylkesmannen sine eigne fakta om kommunen, utgreiingar, statistikkar og analysar, og naturlege bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Dersom kommunen kjem fram til at den ynskjer å halde fram som eigen kommune, må kommunen likevel gjere minst ei utgreiing saman med ein eller fleire kommunar.

Fylkesmannen er godt nøgd med arbeidet kommunane har gjort fram til no med kommunereforma. Fylkesmannen ser fram til å ta i mot 36 vedtak frå kommunane i Møre og Romsdal innan 1. juli 2016.