Nytilsett prosjektleiar

Vigdis Rotlid Vestad er tilsett som ny prosjektleiar i arbeidet med kommunereforma.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.10.2014

Alle embetene i landet har fått ressursar til ei ekstra stilling i samband med kommunereforma.
Vigdis Rotlid Vestad skal leie fylkesmannens arbeid med kommunereforma i Møre og Romsdal. Ho har også tidlegare arbeidd hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, frå 2002 til 2009.  Dei seinare åra har ho vore prosjektleiar og dagleg leiar for eit helsesamarbeid mellom 6 kommunar i Nord Gudbrandsdalen.