Nytilsatt skal arbeide med ungdommen

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har tilsatt ungdomskonsulent i arbeidet med kommunereforma i 20 pst stilling, i eit engasjement førebels på seks månader.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.04.2015

Solveig Buvik frå Molde er tilsatt i stillinga. Solveig har engasjert seg aktivt i kommunereformarbeidet i Møre og Romsdal, og er medlem av Møre og Romsdal fylke sitt ungdomspanel. Solveig studerer jus i Oslo, og vil pendle til Molde i perioden hun er tilsatt.

Solveig vil få som hovudoppgåve å bistå ungdomsråda i kommunane i Møre og Romsdal i arbeidet med kommunereforma. Sjå filmen Ungdomspanelet har spelt inn vedkommande kommunereforma.