Kommunereforma på eitt minutt

Fylkesmannen har laga ein video for å inspirere ungdom til å vere med å forme framtida til Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2015

Innbyggjarhøyringar viser at ungdom har låg deltaking i arbeidet med kommuereforma i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen har møtt ungdomsråda for å få tips om korleis kommunane betre kan involvere ungdom. Resultatet har blitt ein informasjonsvideo og eit undervisningsopplegg som kommunane kan nytte.

Videoen er tilgjengeleg på Fylkesmannen sine heimesider, og vi ynskjer at denne kan delast via ulike media – t.d. facebook, twitter, nettaviser og andre kanalar som ungdom nyttar. 

Stortinget og regjeringa har bestemt at alle kommunar skal utgreie si framtid, anten å halde fram som eigen kommune, eller saman med nabokommunar. Innan 1. juli 2016 skal kommunane gjere eit vedtak om retningsval.

Kommunereforma på eitt minutt

Ein kort informasjonsvideo om kommunereforma retta mot ungdom.