Kommunereforma hovudtema på konferansen om kommuneproposisjonen

Hovudtema på den årlege konferansen om kommuneproposisjonen var kommunereformen, og statssekretær Jardar Jensen innleia om regjeringa mål for reforma.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.05.2014

KS og Fylkesmannen arrangerer årleg ein konferanse om innhaldet i kommuneproposisjonen. Den signaliserte kommunereforma var hovudtema på årets konferanse i Molde den 15. mai. Regjeringa la inn ein meldingsdel i kommuneproposisjonen der dei la fram mål, rammer og milepælsplan for reforma.

I tillegg heldt direktør i Distriktssenteret og medlem av Ekspertutvalget for kommunereforma Halvor Holmli, fylkesplansjef Ole Helge Haugen, regionråda, ungdomsrepresentant Solveig Bruvik, assisterande fylkesmann Rigmor Brøste og region-direktør i KS Gunnar Bendixen innlegg om kommunereforma.

Her er innlegga til innleiarane:

Jardar Jensen - Kommunereforma

Halvor Holmli - Ekspertutvalgets delrapport

Ole Helge Haugen - Utvikling og trendar

Gunnar Bendixen - Kommunereform