Ikkje lånegodkjenning

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) sender ikkje forslag om at fylkesmannen skal godkjenne låneopptak i kommunane til Stortinget.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.09.2014

I ei pressemelding seier KMD at forslaget som var ute på høyring ikkje blir sendt til Stortinget. Forslaget gikk ut på at alle kommunane i landet måtte ha godkjenning frå fylkesmannen medan kommunereforma var i gang.

- Jeg har tillit til det lokale lederskapet i kommunene, og stoler på at de tar ansvar for at låneopptak vurderes ut fra innbyggernes behov og framtidens kommunestruktur, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Les heile pressemeldinga på KMD sin nettstad.