Historisk dag på Austefjord skule

Fylkesmann Lodve Solholm og ass. fylkesmann Gunnar O. Hæreid i Sogn og Fjordane, markerte i dag oppstarten for nye Volda og Hornindal kommune på Austefjord skule nær grensa til Sogn og Fjordane. Dette er ei kommunesamanslåing over fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Fylkesmennene gratulerte dei to kommunane med samanslåinga, og ordførarane ga si tilslutning til at dei no var i gang.

Fylkesmennene overrakte ein million kroner til den nye kommunen. Desse midlane skal kommunane nytte til ei prosjektstilling i høve det vidare utviklingsarbeidet med samanslåing av dei to kommunane. Denne millionen kjem i tillegg til dei øvrige statlege midlane som kommunane får i høve reforma.

Dei to ordførarane fekk også overrekt blomster frå fylkesmennene med lykkeønskingar, samt lovnadar om at fylkesmennene skal samarbeide i det vidare arbeidet med samanslåing av dei to kommunane.

Prosjektleiar Kåre Træen og ass fylkesmann Gunnar O. Hæreid frå Sogn og Fjordane, ass. fylkesmann Rigmor Brøste, prosjektleiar Vigdis Rotlid Vestad og seniorrådgivar Frida Farstad Brevik frå Møre og Romsdal