Dialogmøte om kommunereforma

Kva oppgåver skal kommunane løyse og kva skal være regionnivåets framtidige rolle? Nokre av svara får du kanskje i Ålesund 12. desember.

Då arrangeras ein konferanse om kommunereforma kor den framtidige oppgåveløysinga er tema. Målgruppa er politikarar, administrativ leiing , tillitsvalte og andre interesserte. Foredragshaldarar er direktør Halvor Holmli  ved Distriktssenteret og professor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda. Både Holmli og Amdam er sentrale i arbeidet med komande reforma. Holmli er medlem av regjeringa sitt ekspertutval som skal sjå på oppgåveløysinga i norske kommunar. Amdam er prosjektleiar ved Møreforsking, som har fått i oppdrag av KMD å greie ut kva oppgåver som kan vere aktuelle for eit framtidig folkevalt regionnivå.  

Konferansen er eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, KS Møre og Romsdal, Ordfører- og rådmannskollegiet for Nordmøre, Romsdal Regionråd, og Sunnmøre regionråd.

Til høgre på sida finn du program og påmeldingsinformasjon om konferansen.