Bli betre kjent med nabokommunen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har samla nyttig informasjon om kommunane i samband med kommunereforma.

KMD har laga ei nettside kalla kommunedata. Her har departementet samla informasjon om:

  • Folketal og folketalsutvikling
  • Framtidig teneste- og arbeidskraftbehov for kommunane
  • Dei frie inntektene til kommunane (kan nyttest til å rekne ut inndelingstilskott)
  • Produksjonsindeksen som måler produktivitet opp mot inntektsnivå
  • Effektivitetsanalyser

Departementet vil halde fram med å publisere fakta, statistikk og anna relevant informasjon for kommunereforma.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal utarbeidar eit kommunebilde for kvar kommune i fylket innan hausten 2015. Fylkesmannen publiserer dei her etter kvart som dei er ferdig.