Stranda kommune meldt ut av ROBEK fire år før tida

Kommunen har gjort ein framifrå jobb med å omstille drifta og betale ned underskotet i rekordfart, heile fire år før opphavleg plan frå 2012.

Stranda kommune vart meldt inn i ROBEK (Register om betinga godkjenning og kontroll) i 2011. Det er difor ei stor glede at Stranda kommune rapporterer at akkumulert meirforbruk er dekka inn og at dette skjer før den opphavlege planen. Dette kjem på bakgrunn av gode resultat på rekneskapen i åra 2015-2018.

Budsjettdokumentet viser at kommunen har bygd opp eit godt styringssystem, både for dei folkevalde og administrasjonen. Desse faktorane viser at Stranda kommune har snudd utviklinga og er på riktig veg framover.

Det er no berre to Robek-kommunar igjen i Møre og Romsdal, Giske og Sande.