Skjønnsmidlar og prosjektskjønn for 2020

Fylkesmannen har i dag sendt brev til kommunane om innspel til skjønnsmidlane for 2020. Skjønnstildelinga for Møre og Romsdal er delt inn i to hovudkategoriar; skjønnsmidlar og prosjektskjønn til fornying- og innovasjonsprosjekt.

Fylkesmannen tildeler kvart år skjønnsmidlar til kommunane og har ansvaret for å kome fram til ei god og rettferdig fordeling av skjønnsmidlane mellom kommunane i fylket. Innspel frå kommunane er viktig for å oppnå ei så rettferdig tildeling som råd.

Skjønnsmidlar

Innspel om skjønnsmidlar kan sendast til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no. Merk sendinga 2019/604. Søknadsfristen er den 1. juni.

Prosjektskjønn

Søknadar skal sendast gjennom den «Integrerte søknads- og rapporteringsdatabasen» (ISORD). For å logge på ISORD gå til denne sida: https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no/ 

Søknadsfrist for prosjektskjønn er 1. juni.

Meir info om søknadskriteria for tildeling og satsingsområde, ligg i brevet til høgre i margen. Midlane vert betalt ut gjennom rammetilskotet og vert kjent til statsbudsjettet den 7. oktober.