Innspel om skjønnsmidlar og Fylkesløft for 2021

Fylkesmannen inviterer kommunane i Møre og Romsdal til å kome med innspel til skjønnstildelinga for 2021. Ein del av skjønnsramma skal gå til innovasjon og utvikling i kommunane. Satsingsområda for 2021 står lista opp under Fylkesløft.

Fylkesmannen tildeler kvart år skjønnsmidlar til kommunane og har ansvaret for å kome fram til ei god og rettferdig tildeling av skjønnsmidlane mellom kommunane i fylket. Innspel frå kommunane er viktig for å oppnå ei så rettferdig tildeling som råd.

  • Innspel om skjønnsmidlar kan sendast til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no
  • Merk sendinga 2020/1548
  • Søknadsfrist for skjønnsmidlar og ekstra kriseskjønn er seinast den 30. jun

Sjå brevet til kommunane (til høgre i margen) for meir informasjon.

Fylkesløft 2021

I samband med omlegginga av skjønnsmidlane dei siste åra, så ønskjer vi og ei dreiing av prosjektskjønn til i større grad å bidra til Fylkesløft. Regionreforma medførte færre og større fylker/regionar. Prosjekt Møre og Romsdal 2025 er etablert som ein følge av regionreforma, og fordi vi ikkje skulle slå oss samen med andre. Det er difor viktig for vidare utvikling av alle kommunane i Møre og Romsdal at vi jobbar enda meir samordna i regional stat og med fylkeskommunen, slik at vi kan posisjonere oss inn i det nye regionlandskapet. Fylkesmannen ser difor for seg at store deler av prosjektskjønnsmidlane dei neste åra vil bli prioritert til tiltak som vil vere eit løft for alle kommunane i fylket.

Satsingsområde for Fylkesløft i Møre og Romsdal i 2021:

1. Berekraftsfylket Møre og Romsdal

Innunder paraplyen «Møre og Romsdal 2025» har Fylkeskommunen tatt initiativ til at vi har blitt det første berekraftsfylket i landet. Ålesund, Molde og Kristiansund er allereie i gang med å utarbeide statistikk som svarar ut systemet med 92 indikatorar i FN sitt berekraftsprogram (U4SSC). Vi ønsker at fleire kommunar går saman om dette og ser for oss ei satsing over to år, med til dømes ei koordinatorstilling i kvar region.

2. Klima og omstilling

Kommunane har ei sentral rolle i arbeidet med klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp. Kommunane kan søke om midlar til å utarbeide kommunale planer med vekt på klimaomsyn, klimabudsjett og klimarekneskap, samt konkrete tiltak som kan gjennomførast for å redusere utsleppa. Fylkesmannen oppfordrar til forpliktande samarbeid mellom kommunar. Mange av kommunane har allereie oppretta plansamarbeid som kan nyttast til å sikre at klimaomsyn vert vurdert og tatt med i all planlegging.

3. Digital forvaltning, med vekt på brukarvennlege tenester og innhald:

Digitalisering handlar om å ta i bruk teknologi til å fornye, forenkle og forbetre. Det offentlege skal tilby nye og betre tenester, som er enkle å bruke, effektive og pålitelege. Digitalisering av arbeidsprosessar og tenester (digitalt førsteval) er eit sentralt verkemiddel i dette arbeidet, saman med blant anna prosessforbetring og anna bruk av teknologi. Digitalisering legg til rette for auka verdiskaping og innovasjon, og kan bidra til å auke produktiviteten i offentleg sektor. Vi ser helst at fleire kommunar søker i lag.

4. Ungt entreprenørskap

For å utvikle Møre og Romsdal treng vi fleire gründerar. Det er allereie ei satsing gjennom Møre og Romsdal fylkeskommune i vidaregåande skolar. Vi ønsker at barne- og ungdomsskolane skal komme meir på banen. Det er eit klart mål å få med flest mogleg av kommunane på denne satsinga dei neste tre åra. Fylkesmannen ser for seg at kommunane kan søkje om dekning av kostnad per innbyggar, og at eigenandelen er kommunane sin ressursbruk inn i dette. Vi ser helst at fleire kommunar søker i lag.

Søknadsprosedyre for Fylkesløft

Søknadar skal sendes gjennom den «Integrerte søknads- og rapporteringsdatabasen» (ISORD). For å ta i bruk søknadsportalen må det opprettast brukarkonto for kvar søkarkommune.

For å logge på ISORD gå til denne sida: https://prosjektskjonn.fylkesmannen.no/

Søknadsfrist for Fylkesløft er 1.september 2020.

Sjå lenke og vedlegg i høgre marg for meir informasjon.