Fordeling av ekstra skjønnsmidlar - førebygging av flaumskadar

I følgje NVE er det stor og aukande fare for stor vårflaum som kan medføre alvorlege skadar både nord og sør i landet. Kommunane er ansvarlege for å førebygge alvorleg skade på kritisk kommunal infrastruktur i samband med flaum. Det er derfor viktig at alle berørte kommunar gjer nødvendige førebuingar for å førebygge flaumskadar.

Regjeringa har sett av 100 millionar totalt i ekstra skjønnsmidlar til flaumførebyggande tiltak. Møre og Romsdal har fått 10 millionar til fordeling. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har på bakgrunn av innspel frå kommunane fordelt midlane slik:

Midlane vil bli utbetalt den 3. juli.

Vi ber om at følgande retningslinjer blir lagt til grunn ved bruk av midlane:

  • Det kan søkast om støtte til iverksette og planlagde forebyggande tiltak som vil ha effekt under den ventande vårflaumen.
  • Primært skal tiltaket førebygge skade på kommunal infrastruktur og eigendom.
  • Tiltaka må kunne gjennomførast raskt.
  • Akutte tiltak prioriterast.
  • Det skal ikkje utbetalast tilskot til meir langsiktige førebyggingstiltak.
  • Det skal ikkje utbetalast støtte til finansiering av eigenandelar i andre statlege støtta tiltak (eks. distriktsandel til NVE for ordinære sikringstiltak).

Fylkesmannen ber kommunane om ei enkel rapportering på kostnadene innan 30.10.2020, der retningslinjene ovanfor er tatt omsyn til. Rapporteringa kan sendast til fmmrsiho@fylkesmannen.no.

Kontaktpersonar