Ålesund kommune er ute av Robek

Fylkesmannen har i dag sendt brev til kommunal- og moderniseringsdepartementet om at Ålesund kommune skal meldast ut av Robek. Robek står for Register for betinga godkjenning og kontroll og er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.06.2019

Ålesund blei meldt inn i Robek i september 2014 på grunn av store rekneskapsunderskot som ikkje var dekt inn etter planen. Siste rest av underskotet er dekt inn i rekneskapen for 2018. Dette blei behandla i bystyret den 20. juni.

Ålesund kommune har i løpet av dei fire siste åra snudd ei negativ utvikling, som over år har ført til store akkumulerte underskot. Gjennom eineståande omstillingsprosessar har politisk og administrativt nivå i kommunen jobba saman, og vist veg ut av eit økonomisk uføre. Vi veit at det er krevjande å ta dei grepa som er naudsynte for å bringe kommuneøkonomien i balanse. Det er difor mykje å lære av det arbeidet som er gjort i Ålesund kommune.