Volda kommune utmeldt av Robek

Volda kommune har vunne att økonomisk balanse og treng ikkje utvida statleg kontroll med økonomiske disposisjonar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.02.2015

I dag går det ut brev til departementet med orientering om at Volda kommune kan bli meldt ut av Robek (register om kommunar som er underlagt vilkårsbunden statleg kontroll og godkjenning av økonomiske disposisjonar).

Volda kommune vart meldt inn i Robek etter at årsbudsjettet for 2014 var vedteke utan at det var dekning for alle utgiftene. I desember vedtok kommunestyret årsbudsjettet for 2015 i balanse. Det tydar på at kommunen har vunne att økonomisk balanse og at kommunen ikkje lenger treng fylkesmannen si godkjenning av låneopptak og langsiktige leigeavtalar.