Utviklinga i kommuneøkonomien i 2016

Fylkesmannen i Møre og Romsdal gir kvart år ut ein rapport om utviklinga i kommuneøkonomien. Rapporten er i all hovudsak basert på tall innhenta av Statistisk sentralbyrå, og framstilt i figurar og tabellar. Tilpassingar til den nye skattereforma i 2016 gav ekstraordinære skatteinntekter til kommunane, og bidrog sterkt til at 2016 vart eit godt år for kommuneøkonomien i mange kommunar i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.07.2017

Hovudindikatoren for økonomisk balanse i kommunane er netto driftsresultat, som er kva kommunen sit att med av laupande inntekter etter at laupande utgifter er trekt frå. Netto driftsresultat, når vi måler det i høve til brutto driftsinntekter, var i 2016 det nest høgaste for kommunane i Møre og Romsdal i heile perioden vi har tal for (fom. 2003), 3,5 prosent.

Dette er eit godt resultat. Resultatet for landet utanom Oslo, vart 4,1 prosent.  Eit par kommunar i fylket pådrog seg likevel eit negativt netto driftsresultat i 2016. Det var òg to kommunar som fekk eit underskot i rekneskapen.

Netto lånegjeld er hovudindikatoren for gjeldssituasjonen i kommunane. Netto lånegjeld er langsiktig lånegjeld trekt frå pensjonsforpliktingar, utlån og ubrukte lånemidlar. Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter auka òg i 2016, til 100,5 prosent. Berre kommunane i Finnmark har meir gjeld enn kommunane i Møre og Romsdal. Ulstein kommune er den kommunen i landet med høgast netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter. I netto lånegjeld per innbyggar er det likevel Norddal kommune som har den høgaste gjelda, medan Vestnes kommune har lågast netto lånegjeld både i høve til brutto driftsinntekter og per innbyggar.

Lånegjelda til kommunane i Møre og Romsdal vil vekse vidare dei nærmaste åra. Dette kan ein sjå av kommunane sine budsjett- og økonomiplanar for 2017 – 2020. Fleire kommunar som har blitt utmeldt frå ROBEK dei siste par åra vil oppleve å ha eit investeringsetterslep. Å vere registrert i ROBEK inneber statleg kontroll av blant anna låneopptak, noko som vanlegvis avgrensar storleiken på låneopptaka til kommunane. Ein reknar derfor med at gjeldsveksten vil bli særleg stor i desse kommunane.

Kommunane har anledning til å finansiere langsiktig gjeld, med korte lån. Korte lån er vanlegvis billigare enn lån med lengre laupetid, men krev også hyppige refinansieringar av låna. Sertifikat er gjeldspapir med laupetid under eitt år, og var berre i beskjeden grad nytta for ti år sidan. Slik er det ikkje lenger.  Mange kommunar tek opp ein svært høg del av sine lån i sertifikatmarknaden. Dette fører til at mange kommunar har ein høgare  risiko for å måtte refinansiere ein større del av gjelda til betydeleg dårlegare lånevilkår.

Rapporten om utviklinga i kommuneøkonomien 2016, finn du på høgre side.